{"product_id":"barnebarnet","title":"Barnebarnet","description":"\u003cp\u003eTredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDa Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta flytta til Sverige, hamna i Skellefteå og opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.\u003cbr\u003eI overgangen frå sytti- til åttiåra går Kathrine på gymnaset og veit i alle fall éin ting: Ho skal ikkje arbeide i tekstilen. Ikkje berre fordi det er ei ny tid, og Algots Nord styrer mot konkurs til liks med store delar av tekstilindustrien elles. Ho er sikker på at det finst ei større verd enn mors og mormors der ute. Ho lengtar bort, ikkje berre frå det innestengde livet i småbyen, men også frå morsarven, Finland og klesindustrien. Ho gir seg ut på ei planlaus reise som tar henne til storbyen Göteborg og vidare ut i Europa og verda.\u003cbr\u003eBarnebarnet er tredje boka i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.\u003cbr\u003eFrå svensk ved Runa Kvalsund.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":43024173957163,"sku":"9788234016806","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234016806_1_1_1.jpg?v=1769535262","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/barnebarnet","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}