{"product_id":"bror-din-pa-praerien","title":"Bror din på prærien","description":"\u003cp\u003eEilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S\/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDet skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp - slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde - og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHeime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eBror din på prærien\u003c\/em\u003e er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste \u003cem\u003eSlåttekar i himmelen\u003c\/em\u003e.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42495205081131,"sku":"9788249516353","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249516353_org_d01cc3fd817136d7ecd3e37c83ffc7e4_1.jpg?v=1763321980","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/bror-din-pa-praerien","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}