{"product_id":"det-andre-namnet","title":"Det andre namnet","description":"\u003cp\u003eFørste bok i storverk frå Jon Fosse.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eKunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle køyrer fram og tilbake på snølagde vegar for å besøkja vennen. Livet til dei to Aslane blir fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eDet andre namnet\u003c\/em\u003e er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seia å vera i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smaka med egg og flesk.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42446079655979,"sku":"9788234002199","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234002199_1_5.jpg?v=1761894582","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/det-andre-namnet","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}