{"product_id":"felemakaren","title":"Felemakaren","description":"\u003cp\u003eI romanen \u003cem\u003eFelemakaren \u003c\/em\u003etar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen \u003cem\u003eHeimlandet barndom\u003c\/em\u003e (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eLars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eFelemakaren \u003c\/em\u003eer romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eFelemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42495218188331,"sku":"9788249522231","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249522231_org_054ee670978521b66588a9f9886cb912_1.jpg?v=1763305168","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/felemakaren","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}