{"product_id":"forvaltaren","title":"Forvaltaren","description":"\u003cp\u003ePå Håland veks tistlane opp att, same kor mange gonger dei blir hogde ned.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEinar Håland har stått imot heile livet. No står han åleine att på garden, omgitt av sauer, tistlar, ubetalte rekningar og minne han ikkje slepp unna.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eAlt krev sitt: jorda, dyra, banken, slekta, faren, minnet om Berit og det livet som aldri blei slik han hadde tenkt. Under alt ligg skamma, sinnet og sorga som gamle røter i molda.\u003cbr\u003eNår garden byrjar å rakna, raknar også Einar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eForvaltaren er ein mørk og sanseleg roman om einsemd, skuld og det som går i arv utan å bli sagt.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTorvald Hadland (f. 1967) er fødd og oppvaksen på Hadland i Time kommune. Han er utdanna lærar og jobbar som sauebonde. Forvaltaren er debutromanen hans.\u003c\/p\u003e","brand":"Kapabel","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":45245026467883,"sku":"9788281633636","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788281633636_1.jpg?v=1788278435","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/forvaltaren","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}