{"product_id":"historieskriving-om-noreg-for-1800","title":"Historieskriving om Noreg før 1800","description":"\u003cp\u003eHistorieskriving i Noreg går 1000 år tilbake - til dei første latinske helgenbiografiane og Noregshistoriene. Likevel har denne perioden aldri blitt samla i éi oversikt. Dette er den første samla gjennomgangen av historieskrivinga om Noreg fram til 1800.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka handlar om dei mange forteljingane om Noreg og det norske, skapt av ei mangfaldig gruppe historikarar – frå kongesoger til refleksjonar om sjølve historieskrivinga. Ho utforskar ikkje berre forteljingane, men òg arbeidsmåtane historikarane nytta for å forstå ei ofte uklar fortid. Under arbeidet låg tankar om kva som gir historie meining - kristendom er viktigast, men òg meir verdslege faktorar som tankar om sivilisasjonsutvikling og klimatiske forhold.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHistorikarane skreiv om Noreg, men aldri i vakuum. På 1500-talet skreiv Absalon Pedersson Beyer Om Norgis rige, eit verk prega av europeisk lærdomskultur. Verken \u003cem\u003eOm Norgis rige\u003c\/em\u003e eller andre historieverk frå dei 800 åra denne boka rommar kan ikkje forståast utan å sjå korleis europeiske impulsar forma den norske historiekulturen.\u003c\/p\u003e","brand":"Dreyer","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42468874813483,"sku":"9788282657020","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788282657020_1_1_0520d645-1086-4fb4-bf6f-e563ca72d369.jpg?v=1762375585","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/historieskriving-om-noreg-for-1800","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}