{"product_id":"kvilestein","title":"Kvilestein","description":"\u003cp\u003eDenne diktsamlinga spenner vidt i tematikk og tone, frå det inderlege til det leikande. I dikta \"Ingenting var som før\" og \"Lilje\" kjem det autentiske, kjenslemessige nær innpå. I \"Sorga\" trollbind Bonenberger med si knappe form. \"Strå\" og \"Kvilestein\" opnar opp for refleksjon utan å verta påtrengjande, to berande dikt i samlinga.\u003cbr\u003eInnhaldet i boka er variert, og har er mange gode lommer å dvela ved, som i \"Smultring\", ei smidig og vellukka personifisering av den velkjende godsaka, og i \"Vesle larve\", der ho heng dinglande i puppa og på mystisk vis sprengjer seg gjennom veggene og faldar seg ut til ein vakker fivreld, ein sommarfugl er fødd. \u003cbr\u003eBonenberger får i denne diktsamlinga fram noko av det  særeigne ved diktinga si, ein form for kontemplativ humor, der både glede og djupn går hand i hand.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHans Günther Bonenberger er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Saman med mor og søster flykta han til Vest-Berlin i 1955. I 1957 vart han send på feiteferie til Noreg som Berlinerbarn og bortadoptert der. Bonenberger debuterte med diktsamlinga Lealaus grind – Alt heng saman i 2022, og kom med Høytørkeseng i 2023 og Mellom jord og himmel i 2024.\u003c\/p\u003e","brand":"Lyrikkforlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":43104918503467,"sku":"9788283985542","price":298.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788283985542_1.jpg?v=1773147910","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/kvilestein","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}