{"product_id":"mitt-internett","title":"Mitt internett","description":"\u003cp\u003eKorleis vart internett ein del av oss?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eGjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDet handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett til allemannseige.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDette er også ei bok om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med.  \u003cbr\u003e \u003cbr\u003eKva gjorde det med dei?\u003cbr\u003eOg kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same? \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eNo er det 30 år sidan internett vart allemannseige i Noreg. \u003cem\u003eMitt internett. Då www kom til Noreg\u003c\/em\u003e er første bok i ein planlagd trilogi om dei tre siste tiåra til internett.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e«Nyttårsforsett: Vere mindre på internett?» \u003cbr\u003eAnne Gunn Halvorsen, skuledagbok, januar 2000 \u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42468883071019,"sku":"9788234015175","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234015175_1_1_f0643889-c7e2-4487-b963-dfb291e97b39.jpg?v=1762375870","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/mitt-internett","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}