{"product_id":"mot-kaos","title":"Mot kaos","description":"\u003cp\u003eEg går denne blågrå vegen min der han svingar opp til huset, nyt svingen\u003cbr\u003egjennom og med så vakre dagar\u003cbr\u003eendåtil dei med hagl og snø og regn er vakre\u003cbr\u003eeg er aldri åleine\u003cbr\u003enei, for Hathor er med meg - gudinna for kjærleik og død\u003cbr\u003eho kjem ut av statua si og røskar meg med\u003cbr\u003eeller ho tek meg i handa og leier meg om bord i sitt smil\u003cbr\u003eho breier fram ein hemmeleg sti\u003cbr\u003eden er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss 10 000 år\u003cbr\u003edenne næraste sola, nabo til proxima, er far vår\u003cbr\u003ehan er den mildaste mellom gudar og menneske\u003cbr\u003edet er han alltid, så han ropar oss ikkje inn\u003cbr\u003enei ikkje enno\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eKjartan Hatløy har lenge hatt ei brennande interesse for egyptologien. I Mot kaos omset han denne lidenskapen i dikt. Boka opnar på diktarens heimstad ved Åfjorden og Lifjellet og trekkjer forbindelsen til Det gamle Egypt - til Nilen og pyramidane i Giza og Luxor. Storleikar frå oldtidas førestillingsverd kjem til syne langs vegen, i skog og vatn, og Hatløy går i dialog med den gammalegyptiske måten å tenkje om livssyklusen på: Han gjer døden til reisekamerat.\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42462547771435,"sku":"9788249529612","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249529612_1_8.jpg?v=1762262238","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/mot-kaos","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}