{"product_id":"slattekar-i-himmelen","title":"Slåttekar i himmelen","description":"\u003cp\u003eEdvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMenneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra - stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eSlåttekar i himmelen\u003c\/em\u003e er ein inspirert roman av forfattaren av \u003cem\u003eMors og fars historie\u003c\/em\u003e. Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eLANGLISTET TIL P2-LYTTERNES ROMANPRIS 2014.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42495216386091,"sku":"9788249515257","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249515257_org_ff94d457c9bc4bae2d17aa8fb3feeb53_1.jpg?v=1763306587","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/slattekar-i-himmelen","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}