{"product_id":"ute-langt-der-ute","title":"Ute, langt der ute","description":"\u003cp\u003eI vika langt mot vest, langs haustmørk strand\u003cbr\u003ekjem svanene igjen, eg ser det no.\u003cbr\u003eDei duvar lydlaust like attmed land\u003cbr\u003eog speglar seg når sjøen stig mot flo.\u003cbr\u003eEg har sett pina skjera andletstrekk,\u003cbr\u003eeg har sett folk ta avskil utan fred,\u003cbr\u003ehøyrt dører smelle, bilar køyre vekk,\u003cbr\u003emen no kjem svanene og slår seg ned.\u003cbr\u003eDet var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,\u003cbr\u003eein slik klar haustdag, vinter var på veg,\u003cbr\u003eeg sat og såg mot botnen av ein fjord\u003cbr\u003eog høyrde vengesus som nærma seg.\u003cbr\u003eSå vart det stille. Det gjekk mange år.\u003cbr\u003eNo høyrer eg på nytt at venger slår.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDikta i Ute, langt der ute er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42565993725995,"sku":"9788249524631","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249524631_1_1_1.jpg?v=1765561021","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/ute-langt-der-ute","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}