{"product_id":"verda-er-ein-skandale","title":"Verda er ein skandale","description":"\u003cp\u003eEtter eit hektisk tiår i hovudstaden tar Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned nokre hakk i permisjonstida. I eit nedfalls småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eVerda er ein skandale\u003c\/em\u003e er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending – og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42446078443563,"sku":"9788252195286","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788252195286_1_1.jpg?v=1761894560","url":"https:\/\/bokeriet.live\/products\/verda-er-ein-skandale","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}